Professor emeritus Gunnar Kvåle:
”Klima og helse. Kva er situasjonen og kva må gjerast?”
Oppmøte kl.1800 ved Fredheim. Retur kl.2100
Ca 3 km lengde og samla stigning 120 høgdemeter.
Vanskegrad: Middels.
Passar for: Vaksne, seniorar
Betaling for transport kr.30,-. Køyrer i privatbilar til Djukastein
Turleiarar: Arne Djukastein 918 48 930.
Den første konserten i 50-årsjubileet til musikklina presenterer klassisk musikk framført av skulen sine eigne elevar og lærarar. Programmet vil mellom anna innehalde musikk av Mozart, Weber, Grieg, Sinding, Bach og Rimsky-Korsakov. Programmet omfattar verk for kor, song, klaver, klarinett og trombone.
Dette er musikklina sin tradisjonelle vårkonsert.
Den andre konserten i 50-årsjubileet til musikklina blir i store auditorium på Voss gymnas. Repertoaret spenner frå Hendrix, eigne komposisjonar og fri improvisjasjon til standardlåtar og rockeklassikarar. Fleire av lærarane på musikklina har eigne karrierer som utøvende musikarar. Til denne konserten har lærarane Ivar Kolve (slagverk) og Mads Eriksen (gitar) fått med seg ein av våre tidlegare elevar, Arne Toivo Fjose Sandberg (bass). Trioen er sett saman for denne konserten.