Voss Gymnas har 0 hendingar

Voss gymnas opna offisielt 1. august 2017. Då var skulesamanslåinga på Voss fullført og fem skular (Voss gymnas, Voss husflidskule, Rogne vidaregåande skule, Voss vidaregåande skule og Voss jordbruksskule) hadde blitt til to nye: Voss gymnas og Voss vidaregåande skule. I løpet av skulesamanslåingsprosessen vart det òg avgjort å leggje ned Hjeltnes vidaregåande skule og flytte deira tilbod til vossaskulane.

Voss gymnas har omlag 600 elevar fordelt på sju utdanningsprogram, både studieførebuande og yrkesretta. Innan for utdanningsprogrammet for idrettsfag har skulen ei toppidrettssatsing innan skiidrettane, i samarbeid med Olympiatoppen Vest. Vidare tilbyr skulen vaksenopplæring og innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar. Om lag 120 tilsette arbeider til dagleg ved Voss gymnas.

I skuleåret 2017/18 vert det gamle jugendbygget frå 1919 totalrenovert. Fram til dette bygget er ferdig renovert vil ein del av skulen sine aktivitetar føregå på gamle Voss vgs sin avdeling på Vatletun.