Onsdag 15. februar 2023

7 hendingar denne dagen:

Aktivitet
Tid
17:30 - 19:00
Pris
Gratis
Stad
Voss Frivilligsentral
Arrangør
Denne hendinga var foreslått til oss.

Har du lyst å dyrka mat i hagen?  Me vil læra oss å dyrka grønsaker utan kunstgjødsel og sprøytemiddel. Me vel 1-2 grønsak(er) kvar og presenterer dyrking frå A-Å. Så hjelpest me åt med gode matoppskrifter.  Det blir utan lærar så me søkjer kunnskap i bøker og på Internett. Ta med blyant og papir! Me møtes før hagelagsmøta. 1. møte er 15 febr. kl 17.30.  Lyst å vera med? Send melding til Målfrid Jordalen 99022763 før 30 januar. Velkommen! 😺

Arrangement
Tid
19:00 - 21:00
Pris, vaksen
100,-
Pris, medlem
50,-
Stad
Voss Frivilligsentral
Sal
Kjellaretg
Arrangør
Denne hendinga var foreslått til oss.

Tips og råd frå landskapsarkitekt Anne K. Irgens. Hageplanlegging generelt og kva du kan gjere i din eigen hage for å få eit funksjonelt og vakkert uterom. 

Aktivitet
Tid
20:00 - 21:00
Pris
Gratis
Stad
Ole Bull akademiet
Sal
Osasalen
Denne hendinga var foreslått til oss.

Her kan ein lære det grunnleggande i pardansane i norsk folkedansa. er det oppstart med dans for ungdom i ungdomskule/vidaregåande alder. Om noko lurar på noko eller vil melde seg på send melding arne@olebull.no

Musikk
Tid
20:00 - 21:30
Pris, vaksen
200,-
Pris, born
100,-
Pris, student
100,-
Pris, medlem
150,-
Stad
Gamlekinoen
Sal
Foajeen
Addresse
Denne hendinga var foreslått til oss.

UNNI LØVLID (vokal), ANNE HYTTA (hardingfele), INGFRID BREIE NYHUS (piano, harmonium)
Her treffer du tre glimrande musikarar som gjer sine versjonar av Edvard Griegs 19 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Tradisjonelt, nyskapande og spanande, frå tre av dei mest spanande musikarar me har innan folkemusikken. salt peanuts* kalla plata Unamna for eit meisterverk.