Voss spelemannslag har 0 hendingar

Voss spelemannslag vart stifta i 1941 og feira 75-årsjubileum i 2016.

Dei fyrste åra var laget fyrst og fremst ein møteplass for utøvande spelemenn med hardingfele som instrument og andre som var interesserte i å høyra hardingfelemusikk. Seinare vart aktiviteten utvida til å omfatta dans og kveding.

Laget dreiv eigen musikkskule med opp til 25 elevar på hardingfele. Dette held ein på med i 25 år før opplæringa kom inn i Voss kulturskule. Periodevis har laget hatt opplæring i kveding og i dans.

Laget har vore, og er, aktivt og har skipa til mange kappleikar, turar og konsertar.
Fem landskappleikar har vore skipa til på Voss, den siste i 2010, og eit uttal andre kappleikar
Laget har vore fem gonger til Malung på venskapsutveksling, og til USA og til Island i samarbeid med «Ridande vossabryllaup»

Laget har i dag stor aktivitet, med spel, song og dans for folk i ulike aldrar.

Dei vaksne felespelarane har faste øvingar kvar torsdag, og her er det også mogeleg å få opplæring for dei som ynskjer det. Dei vaksne speler også på kveldssetene til Ole Bull akademiet og på gamaldansen på tysdagskveldane.

På dansesida arrangerer laget i samarbeid med Voss ungdomslag gammaldans i Voss Ungdomshall annakvar tysdag. Her er det litt instruksjon og mykje danseglede.

Samarbeidet med kulturskulen er godt, og dei unge som spelar der møtest i Juniorklubben på Ole Bull akademiet om lag tredjekvar torsdag til spel, song og dans, og ikkje minst for å ha det kjekt saman.

I tillegg til at det ofte vert dansa halling på Juniorklubben, har ein også eigne hallingøvingar og hallingkurs for born. Dette har vorte ein populær aktivitet, der me har fått til ei stabil gruppe på 10-12 unge som no har dansa saman nokon år.

Det vert gjeve undervisning i kveding på prosjektbasis. I 2017 har dette vore i samarbeid med Hardanger spelemannslag.

Laget er med og driv Folkemusikklubben saman med Ole Bull Akademiet.
Eit populært tiltak, med varierande innhald på dei seks konsertane i år.

I jubileumsåret 2016 vart laget feira med mellom anna to store konsertar i Oslo og på Voss, og vart tildelt Kulturprisen av Voss kommune.