Da er det tid for tredje Buskspel! Og me får den glimrande gjengen frå Ulvik, ReHarvest, på besøk!

REHARVEST
ReHarvest gjendiktar albumet Harvest og meir materiale av Neil Young og andre artistar til vår tid, vårt språk og vårt landskap. På Tre Brør blir det også buskspel i den forstand at bandet vil prøva ut litt materiale dei ikkje har spelt for folk før.

ReHarvest hadde sin fyrste konsert på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik under Sidersleppet i mai 2015, då ein måtte skipa til ekstrakonsert for å møta billettetterspurnaden. Sidan har dei heldt konsertar mellom anna på Litteraturhuset i Bergen, på festivalen Låveleik på Unneland i Arna og seinare mellom anna for eit utselt Elvatun under Ulvik poesifestival, for Vossa Jazz sin Jolajazz og ikkje minst for ein fullsett kjellar på Tre Brør vinteren 2017.​ No gler dei seg til å komma attende til landets tøffaste kjellar.

ReHarvest består av Tor Schei Hellesnes (song og gitar), Alis Lund-Johansen (song), Rolf Tore Djønne (gitar, banjo, steel guitar), Terje Hjartnes (bass), Lars Magnus «Topho» Nordtveit (trommer og perkusjon) og Hanne Li (song og piano). Alle har tilknyting til Ulvik i Hardanger.

Konsertstart: 21.00
Billettpris: 150,-


Buskspel er ein ny konsertserie på Voss! Banda og artistane vil vere frå eit breitt utval av sjangrar innan pop, rock, americana mm. Det vil vere intime konsertar med nokre av dei beste artistane ein har på Vestlandet. Konsertane vil i hovudsak haldast på Tre Brør, ca ei gong i månaden (med litt sesongvariasjonar).

Buskspel er eit uttrykk mykje brukt innan folkemusikken, som handlar om uhøgtideleg og spontant spel utanom det ordinære konsertprogrammet. Det vil ikkje vere jam på Buskspel, men ein ynskjer på same vis å ha ei uhøgtideleg stemning, med nærleik mellom publikum og artistar, og ei overrasking eller to.

Del denne hendinga:
Opningstider
Måndag 11:00 - 18:00
Tysdag 11:00 - 18:00
Onsdag 11:00 - 18:00
Torsdag 11:00 - 12:30
Fredag 11:00 - 02:00
Laurdag 11:00 - 02:00
Sundag 11:00 - 18:00
Tre Brør Kafé og Bar har 0 hendingar