Hedleberget Voss har 0 hendingar

Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss kommune. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet.

Interessegruppa for Hedleberget starta i 2005 arbeidet med å sjå på moglegheiter for utvikling av Hedleberget som attraksjon. Fokuset for dette arbeidet er å bevara historien til og bygningane på Hedleberget med mål om å kunne visa dette fram. Hedleberget har ein industrikulturhistorisk verdi, og kring 200 års uttak av skifer har gitt området eit veldig synleg preg. Dette saman med godt bevart historie gjer dette til eit velegna produkt for reiselivsnæringa. Ved inngangen av 2017 er det dagleg drift i skiferbrotet, med ein arbeidar att. Me arrangerer konsertar, har restaurert ein kultursti på 3 km, har omvisingar i skiferbrotet og matservering til grupper.

Målet for gruppa er å sikra historia på Hedleberget og Voss Skiferbrud AS, samt skapa opplevingar og vidareføra handtverket. Dette skal føra til fleire arbeidsplassar innan produksjon og turisme.

Prosjektet er støtta av LivOGLyst-satsinga til Innovasjon Norge og Hordaland Fylkeskommune. I tillegg er Voss Kommune, Voss Sparebank, Gjensidigestiftinga, Turskiltprosjektet, Norsk Kulturminnefond og lokale bedrifter viktige støttespelarar.

Styremedlemmer i Interessegruppa for Hedleberget
Ingmar Hårklau, leiar
Nils Gjøstein, nestleiar
Åse M. Kyte, kasserar
Jan Olav Grevle, skrivar
Svein Kyte, grunneigarrepresentant
Thor Hårklau, styremedlem

Har du spørsmål? Ta kontakt på post@hedlebergetvoss.no