Arrangement
Tid
15:00 - 16:00
Pris, vaksen
125,-
Pris, born
125,-
Arrangør

Velkomen til haustens store familieoppleving på Voss!
Kva skjer når tilsynelatande meiningløyse rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull?

Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskreven musikk og set rytme i reglebeina. Komponist Hans Martin Austestad og koreograf Silje Onstad Hålien møtast i eit univers der alt ligg til rette for tungekrøll og spretne harmoniar. Leik og tull, alvor og fjas går hand i hand, akkurat slik vi kjenner det frå sjølve livet.

Komponist – Hans Martin Austestad
Koreograf – Silje Onstad Hålien
Regi – Belinda Braza
Produsentleiing – Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet

Medverkande:
Hans Martin Austestad
Nina Fjeldet
Irene Tillung
Sondre Meisfjord
Knut Ålefjær
Silje Onstad Hålien
Silje Risdal Liahagen
Jon Bugge Mariussen
Tuva Færden

Bestillingsverket er støtta av Norsk kulturråd, FFuk og Vestland fylkeskommune. Urpremieren på Voss er støtta av Voss Sparebank. Tusen takk til alle saman som har gjort denne framsyninga mogleg.

BILLETTAR
Billettar må kjøpast i forkant på ticketco. Konserten skjer i tråd med retningslinjer frå Folkehelseinstituttet for å hindre smitte av viruset. Vi har få plassar så ikkje vent for lenge med å ting billett!

 
HUGS: Hald avstand | Bli heime om du er sjuk | God hand- og hostehygiene | Desinfiser på veg inn- og ut av konsertlokalet | Respekter festivalen sine retningslinjer | Ta vare på kvarandre
 
Del denne hendinga:
Osafestivalen har 0 hendingar