Osascena ønskjer velkomen til haustens første konsert i Osasalen, Ole Bull Akademeiet!
 
BENEDICTE MAURSETH hardingfele
ROLF ERIK NYSTRØM saksofoner
MATS EILERTSEN kontrabass
HÅKON STENE perkusjon, vibrafon, elektronikk

Benedicte Maurseth tek arven frå den norske folkemusikken inn i ei moderne drakt med klare impulsar frå improvisert- og nordafrikansk musikk i eit nyskrive tingingsverk – opphavleg laga til Hardanger Musikkfest. Frå Hårteigen – høgste fjellet på Hardangervidda heitte Hárr i norrøn tid – har bandet musikalsk utsikt over heile kloden – inkludert lyden av reinsdyr og fuglar, av jegerar og gjetarar. Verdsmusikk med hjarte og hjerne!  Som ein av våre fremste felespelarar har Benedicte Maurseth sloppe plater på Grappa og ECM. Ho gjekk i lære hjå Knut Hamre frå ho var 8 år gamal, og har undervegs samarbeidd med mellom anna Jon Fosse, Nils Økland og Berit Opheim.
...
Konserten vert arrangert av Osascenen og er ein del av Vestnorsk Jazzsenter sin turné-ordning Den Musikalske Stamvegen.

SMITTERVERN OG KJØP AV BILLETTAR
Konserten skjer i tråd med retningslinjer frå Folkehelseinstituttet for å hindre smitte av viruset. Vi sel kun 60 billettar til denne konserten og legg til rette for ein meters avtand mellom folk som ikkje er del av same husstand. 
På grunn av smittevern vert det ikkje billettsal i døra, kun førehandssal på Ticketco. Det vert ikkje høve til å kjøpe sesongkort for Osascena hausten 2020.
Osascena er støtta av Norsk Kulturråd.

Konsertstart: 20:00
Dører: 19:30
 
Del denne hendinga:
Osafestivalen har 2 hendingar
Dato: Tysdag 12. desember 2023
Tid: 19:00 - 20:30
Stad: Felemakeriet til Sigvald Rørlien
Dato: Sundag 17. desember 2023
Tid: 19:00 - 20:30
Stad: Felemakeriet til Sigvald Rørlien