I samarbeid med Den intellektuelle countryfestivalen (sjå lenke), Bergsdalstunet og Voss Utferdslag har Vaksdal Turlag gleda av å invitere til ei rik tur og kulturoppleving på Lid i Bergsdalen.Det vert servert vandring på attgrodde stiar, musikk-, og kulturopplevingar for store og små, kortreist tradisjonsmat, og høve til overnatting under open himmel, alt på eitt brett!

Vaksdal Turlag arrangerer to turar laurdag føremiddag, begge med oppmøte ved skulen på Lid i Bergsdalen kl 1100. Herifrå følger vi gamelvegen som gjekk mellom gardane i dalen til den no fråflytta Solbjørg. Her vert det pause med ei mat- og kulturøkt. Vidare vert det høve til å følge to ulike traséar tilbake til Lid. Den eine er relativt kort og går ikkje så høgt i terrenget, den andre følgjer Bergsskaret oppover til Brunane før han svingar ned att mot Lid.

Tur 1: Start ved skulen på Lid, følger gamlevegen til Solbjørg, svingar tilbake under Raudnosi mot Tjørnadalsmyrane og ned til Lid og bortover til Bergsdalstunet. Turen er på kring 4 km og går delvis utenfor oppgått sti. Det kan vere noko myret, så gode tursko anbefalast. Terrenget er relativt lett, så dei aller fleste vil fint greie turen.

Tur 2: Følgjer same trasé som tur 1 fram til Solbjørg. Meir informasjon om vidare trasé kjem etter kvart.

Vel attende på Bergsdalstunet vert det kaffi og noko å sette tenna i før konsertprogrammet startar. Meir informasjon om dette kjem.

Del denne hendinga:
Arrangørar: