Aktivitet
Tid
08:30 - 18:00
Pris, vaksen
300,-
Pris, medlem
200,-
Stad
Oppmøte Holbergsplass
Sal
Vanskegrad: Krevjande

Vikafjellet-Lønahorgi-Bavallen. Søndag 5.5.2019.

Buss frå Holbergsplass til Vikafjellet kl. 08.30. Turen startar ved telegrafhytta ca. 900 m.o.h. og me går inn Sendedalen og over Kringlevatnet. Herifrå er det litt stigning oppover før me passerer Rjupeskardet. Så går det litt nedover mot Murane og vidare forbi Blåeggi og på nordvestsida av Mykjedalsvatnet.  Oppover mot Skreieggi og Svartenut og me føl høgdedraget forbi Tvinnestølen og går på austsida av Storebrekkane og vidare opp til Lønahorgi. Dette er ein lang tur ( ca. 37 km ) og samanlagt er det og mykje stigning ( 1250 m ) så det er rekna å være ein tung tur. Alt etter forholda brukar me 8-9 timer. Ta med rikeleg med mat og drikke for me tar fleire pausar undervegs. Retur frå Bavallen ca. Kl. 18 00.

Busspengar kr 200 / 300 / medlem, ikkje medlem. Kartblad 1316 IV Myrkdalen og Kartblad 1316 III Voss

Påmelding pga. busstørrelse innan fredag kveld. Turen vert avlyst om været er dårleg.

Turleiarar:  Arvid Rykke tlf. 95262029 

Velkommen med på ein fin skitur.

Del denne hendinga:
Opningstider
Måndag 11:00 - 15:30
Tysdag 11:00 - 15:30
Onsdag 11:00 - 15:30
Torsdag 11:00 - 15:30
Fredag 11:00 - 15:30
Voss Utferdslag har 2 hendingar
Dato: Laurdag 07. september 2019
Tid: 11:00 - 14:00
Stad: Bergsdalen
Dato: Tysdag 10. desember 2019
Tid: 17:00