Tysdag 28. mai 2019

2 hendingar denne dagen:

Tilhøvet mellom naturnamn og kulturnamn, i forhold til busetjing, gardar og stølar er eit tema som har vorte svært aktuelt for oss i samband med arbeidet med stølsturane. Og kanskje undrar fleire enn oss seg på mangt og mykje tilknytt kulturhistoria vår? Som til dømes kvifor ein busette seg og korleis stadnamn vart til i eldre tid?

Eller har du kanskje stundom lurt på kvifor det er nytta ulike nemningar, som veten, horgi, eggi, og kamben, på same type naturforhold?

Voss Utferdslag inviterer Gunnstein Akselberg, vossing og professor i nordisk språkvitenskap, til å fortelje om tilhøvet mellom naturnamn og kulturnamn.

Velkomen til ein triveleg og lærerik kveld med oss.
OBS! Arrangementet er flytta frå Voss Gymnas til Gamlekinoen!

Stad: Gamlekinoen

Tid: 1800 – 2100

Det vil bli høve til å kjøpe brosjyra "Stølsturar 2019."

Arrangement
Tid
19:30 - 22:00
Pris
Gratis
Stad
Tre brør kafé og bar

– Me kjem ikkje til å nå klimamåla med den teknologien me har i dag, meiner Thomas Hårklau, gründer og dagleg leiar i firmaet Kitemill.

I jakta på løysingar som kan redda nettopp klima har Miljøpartiet Dei Grøne Voss invitert han til Tre Brør for å fortelja om korleis ein kan nytta dei sterke og stabile høgdevindane til miljøvennleg energiproduksjon.

Kitemill lagar kitar, eller dragar, som produserer straum. Dei er mindre invaderande i naturen og krevjer mindre byggjemateriell enn til dømes vindmøller. Hårklau er ikkje i tvil om at kitemillkraft innan relativt få år vil passera vindmøller i produksjon og at ein ny norsk eksportindustri er på veg til å bli etablert.

I løpet av kvelden skal Hårklau snakka om denne typen energi, og det vil vera høve til å stilla spørsmål. Kor mykje kraft kan ein flygande park produsera? Kan dette vera eit alternativ til andre, meir etablerte fornybare energiformer? Dette er berre nokre av spørsmåla du kan få svar på 28. mai.

Miljøpartiet Dei Grøne Voss ynskjer deg velkomen til eit innblikk i den teknologiske fornybarframtida!

Arrangementet er ope for alle.