Osafestivalen har ei hending
Dato: Fredag 23. oktober 2020
Tid: 12:00 - 18:00
Stad: Idrettshallen

Osafestivalen er ein møtestad for ulike uttrykk innan folkemusikk og klassisk musikk. Festivalen har namnet sitt etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90). Sigbjørn markerte seg sterkt i kulturlivet i si samtid, og er den mest kjende spelemannen i dette hundreåret. Han var ein viktig bindelekk mellom folkemusikken og den europeiske kunstmusikken, og han meinte at det var viktig for utøvarar med klassisk bakgrunn å møte folkemusikarar for å utveksle kunnskap og erfaring. Han samarbeidde også mykje med folkemusikarar frå andre land. Osa var grunnleggjaren av Ole Bull Akademiet.