Aktivitet
Tid
15:30
Pris, vaksen
1800,-
Pris, medlem
1100,-
Stad
Oppmøte Esso ved Amfi

Denne helga legg me turen til blant anna Grindaflethytta (https://www.ut.no/hytte/3.1612/) og Syrdalsbreen (1761 moh). Dette området ligg på den mektige Undredalshalvøya som ligg klemd mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Trange fjordar, vidt utsyn, høge fjell og lite folk gjer dette området til eit eksotisk reisemål, sommar som vinter. Området byr på eit fantastisk terreng for turar på fjellski frå november til gjerne godt ut i juni.

Ferdigheiter: Det vert stilt krav til at du har høgfjellserfaring, er i solid turform og har gode skiferdigheiter.

Avreise/retur: Oppmøte på Esso på Amfi-senteret seinast kl. 15.30 fredag. Retur frå Fyre typisk kl. 16 på sundagen.

Fredag: Me går frå Fyre (300moh) til Grindaflethytta (1090moh) delvis med hovudlykter, ca. 6 timer og 900 meter total oppstigning. Det er viktig at deltakarane har alt turutstyret klart, slik at me startar å gå rett etter ankomst Fyre. Det er og viktig at deltakarane har ete godt på førehand, då det berre vert korte pausar på veg oppover.

Laurdag: Me står tidleg opp og legg kursen mot Syrdalsbreen. Dagsmarsj på ca. 10 timar og 1200 m total oppstigning.

Sundag: Me ser ruta an til Fyre etter været. Eit alternativ kan vera via Ramsøynuten eller Kaldanuten.

Mat: Deltakarane ordnar brødmat og turgodt sjølve. Turleiar handlar inn middag middag til laurdag og sundag. På laurdagen bør ein ha med seg minst 2 liter drikke.

Utstyr: Det er viktig å pakka lett, utan at dette går utover sikkerheita. Fjellski (toppturutstyr er ikkje eigna på grunn av lange distansar) kart/kompass, skredsøkjar, spade, søkjestang, lett sovepose/lakenpose, lette innesko/tøflar, hovudlykt med gode batteri, skismurning, dunjakke (dersom du har) korte eller lange skifellar. Turleiar fordeler kven som tek med liggjeunderlag og vindsekk.

Deltakaravgift dekker utgifter til overnatting, transport og felles mat. I tillegg kjem deltakaravgift for å dekkja reise- og overnattingsutgifter til turleiar. Overnatting 275 kr for DNT medlemmar og 390 kr for ikkje medlemmar per natt.

Påmelding på internett, legg inn kommentar om du kan køyra eller ikkje. Spørsmål kan stillast til turleiar Frode Atterås, telefon 92 40 76 88.

Foto: Frode Atterås

 

Del denne hendinga:
Opningstider
Måndag 11:00 - 15:30
Tysdag 11:00 - 15:30
Onsdag 11:00 - 15:30
Torsdag 11:00 - 15:30
Fredag 11:00 - 15:30
Voss Utferdslag har 0 hendingar